TURLØYPE TIL HORNELEN

Hornelen er Nord Europas Høgaste Sjøklippe 860 m.o.h. Turen til Hornelen er spektakulær og eit minne for livet. Tid : 7-8 timar Treng å vere trena

Hornelen Starten frå Berleneset finn du ved å ta av frå riksveg 616 mot Berle. Når du er forbi tunnelen tek du fyrste veg til vestre og køyrer mot Berleneset. Parkering ved vegen. Denne ruta er litt lenger enn den frå Hunskår, men den er lettare. Ruta gjev like stor oppleving som den andre. Med litt ekstra tid er dette ei meir familievennleg rute, men ein bør ha litt trening. Turen tek 7-8 timar. Turen er merka, men ynskjer ein guide, kan ein kontakte turistinformasjonen tlf 57 79 37 50. Merk: I Bremanger er det bandtvang heile året. Klikk på “Les Meir” for og få turkart til Hornelen.

Leave a Reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *