Rugsund Handelsstad

Rugsund
Velkommen til Rugsund Handelsstad !

Rugsund er ei av perlene på kysten. Omkransa av vakker natur og vakre bygningar er dette ein stad du så absolutt bør ta turen innom. Den gamle krambua er også heilt spesiell, her er det som kamferlukta enno sit i veggane. Det du ikkje kan få på ei slik gammal krambu – ja, det er ikkje verd å ha!
Den gamle handelsstaden i Rugsund ligg på austspissen av Rugsundøy. Rugsundet er “snarvegen” til Nordfjord når ein kjem sørfrå innover Frøysjøen. Den lune og gode hamna sentralt plassert ved den indre skipsleia langs kysten, var ettertrakta av dei sjøfarande. Her har dei drive handel, sildesalteri, brennevinsutsal og gjestgjevarverksemd i fleire hundre år.
Her finn du handelshistorie heilt tilbake til 1600-talet , ja, faktisk går historia endå lenger tilbake i tid, heilt tilbake til 11-1200 talet. Vi kan nemne at bispen Nicolaus låg her i år 1204 og “bidde på bør”. I Snorre Kongesaga er Rugsund også omtala i striden mellom birkebeinarane og baglarane. At Rugsund var ein betydingsfull stad på den tida, forstår vi når vi les Sverre Sigurdssons kongesaga. Sitat: …De kom ned i en fjord som heter Olden inn for Rugsund, og der drepte de kong Sverres sysselmenn…….

I dag er hamna mykje besøkt av båtturristar som for alvor har oppdaga den idylliske og fredelege hamna.
På Rugsund Handelsstad kan du også overnatte på land. Du kan leige rom, leilegheit, hus eller teltplass.
Du har også høve til å leige selskapslokale til private arrangement.

I Rugsund-området er det svært gode tilhøve for dykking. På handelsstaden kan du fylle dykkarflasker.

Leave a Reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *