ÅKREBUA

ÅKREBUA, IGLANDSVIK

BREMANGER

Midt i det sjarmerande bumiljøet på Iglandsvik i Bremanger finn de Åkrebua. Den 100 år gamle bua er nennsomt renovert til eit flott feriehusvære, der det gamle er vèl ivareteke.

Åkrebua inneheld stove/ kjøkken, 3 soverom med sengeplass til 7-8 personar, bad m/ dusj, grovkjøkken. Av andre fasilitetar kan vi nemne tv, radio/ cd, fryseboks, vaskemaskin og oppvaskmaskin.

I tillegg kan de leige vår 15 fots Silver Viking med ny påhengsmotor og ta båten ut på Bremangerpollen og fiske. Så kan de nyte dagens fangst på kaia vår medan de ser sola gå ned i vest.

Bremanger byr på mange flotte turløyper i fjellet og den velkjende Grotlesanden ligg berre 2,5 km frå Åkrebua.

Butikk og kafè ligg like ved bua.

Vi ynskjer velkommen til eit hyggjeleg opphald på Åkrebua!

Leave a Reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *