Gamleskulen

50
Trivsel er pensum i Gamleskulen. Her finn du nylaga komfort i gamal stil. Huset er bygd i 1923 og har til no 4 nyrenoverte leilegheiter, fullt utstyrt med kjøkken og bad. Det er plass til fire – seks personar i kvar husvære, i alt 22 personar.

Gamleskulen ligg 10 min gange frå sentrum i Kalvåg. Dei nyrenoverte leilegheitene er pussa opp med nennsom hand, og ein har teke vel vare på den gamle stilen.I koselege omgjevnader har du utsikt til Frøysjøen. Her ligg dei gode fiskeplassane rett utanfor stovedøra og ventar på deg. Ingenting smakar betre enn sjølvfiske, fersk torsk. Så har du ei historie å fortelje óg ! Seier du ifrå før du kjem, vil vi fylle kjølskåpet for deg. Vil du leige fiskereiskap, båt eller sykkel? Treng du telt eller soveposar til fjellturen? Sei ifrå. Vi er her for å gje deg dei dei opplevingane du ønskjer deg ! Vertskapet, Margret Frøyen og Alf- Haakon Harlem, helsar deg velkomen http://www.kalvag.no

gamleskolen

Leilegheit nr. 2, ligg i 1. etasje i Gamleskulen og er nyrenovert. Leilegheita har 1 dobbeltrom m/ barneseng (kan evt. skiftast ut med ei ekstraseng), Stove/ kjøkken med sovesofa, med muligheit for å plassere 2 personar . Til saman kan det bu 4 personar + eit barn i leilegheita. Bad med dusj/ WC, TV, entré.

Leilegheit nr. 3 ligg i 1. etasje i Gamleskulen og er nyrenovert. Leilegheita har 1 soverom med dobbeltseng + 1 køyseng. I stove med sovesofa har ein mulegheit for å plassere 2 personar, kjøkken, bad med dusj/ WC, TV, entré, Utsikt mot sjøen. Til saman kan det bu 6 personar i leilegheita.

Leilegheit nr. 4 ligg i 2. etasje i Gamleskulen og er nyrenovert. Leilegheita har 1 dobbeltrom m/ ekstraseng, Stove/ kjøkken med sovesofa, med mulegheit for å plassere 2 personar . I tillegg har ein sovealkove med plass til 2 personar. Til saman kan ein bu 4 personar + barn i leilegheita bad med dusj/ WC, TV, entré.

Leilegheit nr. 5 ligg i 2. etasje i Gamleskulen og er nyrenovert. Den er pussa opp med
nennsom hand og den gamle stilen er godt teken vare på. Leilegheita har 1 soverom med 2 sengar + sovealkove med plass til 2 personar, i stove med sovesofa har ein mulegheit for å plassere 2 personar. Kjøkken, bad med dusj/ WC, TV, entrè, utsikt mot sjøen. Til saman kan det bu 6 personar i leilegheita.

Leave a Reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *